13.11.09

Kon'nichiwa!

For d første må ej unnskylde på d sterkaste at d he gått so lang tid mellom innlegga på bloggen! Men, unnskyldninga e at vi he vør i Japan o g der va d so som so me internett. Her kjem ei lita oppsummering:

Mandag 26.10.09 sette vi oss på flyet frå Brisbane-Tokyo. Ditte va en flytur på ca 8-9 tima, so enda opp me å bli nærmere 9-10 tima. Når vi nærma oss Tokyo viste d seg nemli at her va d en tyfon so herja. Ditte førte med sej at vi prøvte å lande 2 gonga uten hell. Vi sirkulerte og sirkulerte rundt flyplassen å på 3.forsøk landa vi.. ganske hardt og brutalt. Må sei at ej byndte å bli litt skeptisk og at ej vart nokså klam i hendene. D måtta vør ett fole t ver for d va veeeldi kor d rista å styr! Men, d gjekk bra dinna gongen også! :) Inne på flyplassen i Tokyo stod Gunnar Strøm og Arnljot ettelleranna å tok i mot oss. Ette en liten busstur va vi framme me hotelle. Då vi kom ut av bussen va d akkurat som om vi va komt heimatt t Sunnmøre. Sur, kald vind og d regna sideveis!! Vi sjekka inn på hotelle og gjekk derette ut for å finne en minibank. Ditte va lettere sagt enn jort! Vi leita heile togstasjonen rundt, men ikkje søren. Vi traff fleire minibanka, men ingen aksepterte internasjonale visakort. FRUSTRERANDE!!!! Tilslutt va d en kjekk herremann som viste råd. Han viste oss veien, og vi fekk endeli tatt ut litt japanske yen! Ditte skulle også bli ei utfordring sia 1000 yen e ca 60 NOK... ditte vil då igjen sei at vi tok ut summa som 20 000 YEN i slengen. D høres fole mykje ut for en ekte sunnmøring! Men, d gjekk sej til ettekvart! :)

Ette ei natt på Yaesu Fujiya Hotel i Tokyo sette vi oss på toget mot Hiroshima. Dinne strekninga e omtrent like lang som frå Oslo-Bodø, men me speed-tog tok d berre 4-5 tima. Hærli! Framme i Hiroshima sjekka vi inn på Aster Plaza før vi besøkte Hiroshima Peace Memorial Museum. Ditte e et museum som handla om d so skjedde 8.15 am, 6.august 1945: The atomic bomb. Her va mykje fælt å sjå! Ej he aldri tenkt nåke særli over dinna atombomba, men ette besøkte på museumet forstår ej at d faktisk he skjedd!! Ette museumsbesøket va vi so "heldige" at vi fekk treffe ei so overlevde bombinga. D va veeeldi sterkt å høyre på! Ho fortalte feks om at ho gjekk rundt i gatene å såg døde folk der huda hadde "smelta" og augene hadde poppa ut... berre ho og faren hinna overlevde i hinna familie. Faren hadde d veldi vanskli i tida ette bomba, og en morgon fann ho faren dø. Han hadde tatt sjølmord. Å få høre slike ting sette ting litt i perspektiv, altså!!

Neste dag va d japanese culture workshop som stod for tur. Ditte gjekk ut på at vi fekk prøve oss på origami (papirbretting), smake skikkeli japansk te (ikkje so veldi go), vi fekk skrive navnet vår på japansk og vi fekk ha på oss kimono (samurai-drakt for gutta-boys). Kimono e ett heilt fantastisk stili plagg!! Skulle gjerne kjøpt me mej en heimatt, men, då må ej også ha me mej ei dame eller to so kan kle på mej. D e lag på lag på lag me stoff!! Innvikla greier, men veeldi fint når en først he fått d på sej! :)

Etter å fått ei innføring i japansk kultur va d welcome party so sto på programmet. Ditte va d nåke so heite Lappy Club so hadde ansvar for. Dei diska opp me masse japanske retta, vin, øl, sake+++ En morsom kveld der vi fekk møte andre japanske ungdomma.

Torsdag 29.10.09 va vi på ei som heite Miyajima. Dinne øya e kjent for nåke so heite Torii gate. Ditte e en "gate" som e bygt ute på sjøen, foran ett tempel, og når d e flo vil "gate'n" flyte på vatnet. Ditte e då ett av dei tre beste tinga en kan sjå i Japan:)

Torsdagskveld va d klart for d som mange av oss va veeeldi spente på!! Vi vart nemli delt inn i grupper på 2-3 studentar, og kvar gruppe skulle heim til en japansk familie å ete middag. Ej, Iselin og Jonas va ei gruppe. Vi vart henta i 18-18.30 tia av ei dame i 40-åra (vanskli å sei!!). Ho snakka veldi lite engelsk. Vi prøvte å kommunisere so godt vi kunne, fingerspråk og gestikulering e nåke en bli go til ette å ha besøkt Japan! ;) Vi kjørte i ca 40 min før vi kom fram til huset deira. Der venta sonen i huset (14 år) og mannen i huset. Ingen av desse heller snakka nåke særli engelsk, menmen, d gjekk veldi bra! Vi vart geleida uti hagen å her va d grilling som sto på menyen! D va veeeldi kosli altså! D va en grill der alle samen satt rundt, åsso berre plukka vi d vi ville av grillen ettekvart som d vart ferdi. En idè å ta me sej heimatt t Norge! Vi fekk servert øl, kylling, biff, salat, ris, schampi+++ Mykje go mat! Ettekvart som timane gjekk kom også dattera i huset heimatt (17 år). Ho kunne litt engelsk, men ikkje so mykje å skryte av. Timane gjekk fantastisk fort og plutseli va d klart for å reise tilbake til hotelle! Dvi hade frykta skulle bli en skummel opplevelse viste sej å bli en veldi artig og lærerik kveld! :)

Fredag 30.10.09 va dagen der vi skulle få slappe av. Vi kjørte buss til en plass so heite Aki-takata Kaguramonzentoujimura. Vi visste ikkje heilt ka vi gjekk til, men hadde hørt rykte om nåke so heite Hot Spring. Ditte e då nakenbading i veeeldi varmt vatn. Gutta for sej og jente for sej. Som nordmenn flest va vi vel alle nokså skeptiske t ditte her. Men, tøffe som vi e so måtte vi soklart prøve. Å d va veldi verdt d!! :)

Laurdagen reiste vi til Kyoto. Her bodde vi på ett hotell i rein japansk stil. Her sov vi på madrasser på golvet og gjekk stort sett rundt i morgenkåpe (kimono liknande). På dagen besøkte vi 3 forskjellige tempel og på kvelden var d japanese style dinner på hotelle. Vi hadde på oss "morgenkåpene" våra å troppa mannsterke opp. D må seiast at ej va veldi skeptisk t ka mat vi skulle få servert... ej smakte på omtrent alt, å ej ska ver ærli å sei at ej ikkje likte nåke av d vi fekk. Der va veeeeldi monge rare smaka, lukte, konsistensa å farga... litt for sært for min del!! menmen, no he vi prøvt d også! :)

Søndag va fridag, og den gjekk stort sett med til shopping. På kvelden va nokre av oss på kino å såg "This is it" - en fantastisk film!!

Mandag va d tilbake til Tokyo igjen. Ette å ha stressa oss fram til hotelle, sjekka inn i ei viss fart sette vi oss i en taxi mot den norske ambassaden. Her stod Ina Strøm og tok i mot oss. Vi fekk høyre om japansk businesskultur, vi fekk høyre om korleis d e å ver gift me en japaner og ka utfordringa ditte inneber og vi fekk også vere me på ei korøving. Ditte e ett kor me japanera som synge Grieg. En meget spesiell opplevelse må ej sei! "Rondane" på ekte nynorsk vis sunge av japanera ekje nåke en får oppleve kvar dag! ;)

Tirsdag 03.11.09 va vi på teknologisk museum. Her møtte vi roboten Asimo (the almost human) og såg på andre duppeditta som japanerane laga. Museumet viste veldig godt at Japan e godt utvikla teknologisk sett! Seinare på dagen besøkte vi nåke so heite Fort Venus. Ditte e ett kjøpesenter som e bygt opp som en italiensk landsby. Der e falsk himmel so en kan oppleve soloppgang, dag, solnedgang og natt i løpet av 2 tima... sært! heh! Ette ditte igjen reiste vi til ei anna bygning. Her tok vi heisa opp i 60.etg. Her va d utsikt over heile Tokyo!! Fantastisk!!! men; ej hadde soklart gått tom for batteri på kamera mitt.., so ingen bilde derifrå! la gå!

Onsdagen va satt av til observering av kunst, klede og (u)kultur. Vi besøkte Museum of Contemporary Art. Ditte e ett museum me ei fast samling moderne kunst og utstilling om utvikla til pop art, i tillegg også ei utstilling om luksus og mote. Mykje rare og sære kle å sjå på!

Torsdag besøkte vi Tokyo Anime Center. Ditte e ett område der alle elektriske duppeditta bli solgt. Vi fekk desverre ikkje tia til å sjå so masse på d, men vi besøkte en French-maid cafè. Ditte e en cafè som før i tia va for nerda og den slags folk. Disse hadde som regel ikkje nåke særli til omgangskrets, så derfor kunne dei gå til disse cafèane der dei fekk "servert" si eiga serveringsdame so snakka me dei og underholdt dei. På dinne måten kunne nerdane føle at dei også vart verdsett. I dag e disse cafèane like mykje en turistattraksjon. D va en meget sær opplevelse. Vi vart vist til borda våra og kvart bord fekk si eiga serveringsdame. Dei blanda maten til oss og sa fram rim og regler før vi kunne begynne å ete. Dei laga rare lyda og velsigna maten vår før vi fekk ete den! Sært...! Men; en opplevelse rikare! ;)

Fredag va heimreise-dag. Vi skulle ikkje reise frå hotelle før kl 17.00, så tida fram til då gjekk med til å sende heim ting til Norge, cafè besøk og litt shopping:)

Som ei oppsummering kan ej sei at Japan e et meget sært land! D e veldi annleis enn feks både Norge og Australia. For d første so e d veldi få som kan engelsk og dei fleste skilt står kun på japansk... d kan bli travelt i lengda. Men en venne sej til d meste! :) D må også seiast at d japanske folket som regel e veldi blide hjelpsomme! Å alle e veeeeldi høflige! her he Norge nåke å lære! Ej he aldri bukka å neia som mykje i heile mitt liv so ej jor dissa 10 dagane i Japan! ;)
Japan e ett land me mykje folk i, å d merkast! Ej va heilt tulen i haude av at d va folk rundt mej heeeile tia!! D va nåke av d som va mest travelt me heile Japan oppholdet. Vi hadde ett nokså stramt program, og med alle folka som svirra rundt oss vart d berre enda strammere! Men; ingenting å klage over! Vi hadde supre daga!! :)


1. Miyajima 2. The Golden Pavilion 3. Ej og Marita på japanese style dinne 4. Asimo

No comments:

Post a Comment